Frå Pekking til Playstation
-Barneleikar før og nå-
Telemark Museum inviterer alle klassar på 3. årssteg til museumsbesøk. Dette tilbodet kan gjennomførast på dei fleste av musea våre.
Elevane vil få vere med på barneleikar frå gamle dagar og frå vår nære fortid. Til dømes får vi prøve:
Sekkeløp.
Stylteløp.
Potetløp.
Jukseskritt.
Hesteskokasting.
Hoppe taug.
Kjeppheststafett.
Pekking.
Vippe pinne
Kattepinn
Kvart besøk tar om lag 2 timar og startar kl 9.00. Museumsbesøket er gratis. Enkelte kommunar dekker skyss. Sjekk korleis det er i din kommune.
Kunnskapsløftet
Læringsplakaten seier:
Skulen og lærebedrifta skal legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på ein meiningsfylt måte.
Kompetansemål etter 4. årssteg:
Aktivitet i ulike bevegelsesmiljø
Delta i sangleikar og enkle dansar frå ulike kulturar.
Vise evne til samhandling i ulike aktivitetar.

