Årsskrift nr. 4 fra Bø Museum.
På garden Eikarud i Bøherad blei det oppbevara ei brevsamling etter Halvor Halvorsson Eikarud (1781-1829). Halvor hadde sjølv tatt kopi av brev han sende og av brev han fekk, og ordna dei saman i eit lite hefte. (Originalmanuskriptet ligg nå i Lokalhistorisk arkiv i Bø.)
Brevskriving på den tid var ingen vanleg ting, og då særleg ikkje mellom bøndene. I dei fleste bygdene var det nok omgangsskule, men det viktigaste faget der var lesing, og kristendomskunnskap var viktigaste læreemnet. Men nokre av lærarane må også ha arbeidd med skriving, det syner nettopp breva i denne samlinga.




