90
Årsskrift nr. 3 fra Bø Museum.
Sina Sanda har gjeve løyve til å prente noko av det ho, gjennom eit langt liv, har skrive: prologar, dikt til særskilde høve og innlegg i "samhug", det handskrivne bladet åt Bø Bondekvinnelag.
Sina har vært ein gledespreiar som har kasta glans over så mange festar og samkomer med prologar, kåseri, opplesing av eventyr på Bøheringsmålet og eigne dikt. Og stemningane har skifta frå det lyrisk/romantiske til logn humring og gapskratt. Ingen kunne som Sina sjå og skildre det komiske i ein situasjon, men alltid utan brodd og utan å såre nokon.
Pris:90
Forfatter:
Sina Sanda
Utgitt:
1994 




