Bø Museum

Foto: Kjell Bitustøyl Kilde: Telemark Museum

Bø Museum ligg på Oterholt, eit steinkast frå Bø sentrum. Her finn du folkemusikk og Telemarkskultur. Her lét hardingfela ofte både innomhus og utandørs, og på vakre Kvennøya i Bøelva kan det hende du får oppleve ei eventyrstund om du kjem forbi. Ein dag på Bø Museum inneheld både natur- og kulturopplevingar. Museet ligg på Oterholt, den første handelsstaden og bygdesenteret i Bø. Landhandelen Åheim frå 1898 er komplett med pakkbu, eldhus og bolig. Frå gamalt av blei staden kalla ”tatergata”, her var folkeliv, handel og vandel. 19. juni opnar vi ei ny sommarutstilling i utstillingsbygget i tillegg til dei faste utstillingane (hardingfeler, felemakerverkstad, folkedrakter, handverk med meir). Ved sida av ligg Åsestugo, eit vakkert 1700-talshus med rosemala interiør. Kvennøya er ein del av museet. Her finn du ein husmannsplass med stugu, fjos, lugu, badstugu og smie. Kvennøya blei kåra til det viktigaste friluftsområdet i Bø kommune i 2007, og er kommunens tusenårsstad. Like ved er det badeplass og fiskemuligheiter. Under Telemarkfestivalen 22-25 juli arrangerast det konsertar i utstillingsbygget. 23 juli blir det kvedarmøte med Bjørset & Bjørgum og 24. juli konsert med Bratland & Yndestad. Dette i tillegg til ei rekkje andre arrangement gjennom året. Det skjer stadig noe på Bø Museum så følg med på arrangementskalenderen på heimesida. Velkomen skal du vere!