Knut Dale (1834-1921), - ein av dei mest sentrale tradisjonsberarane i norsk hardingfelehistorie. Fotoet er tatt i Amerika, der han var i fire år på slutten av 1890-åra. Gjennom Knut Dale blei viktige delar av Lurås-Gibøen-tradisjonen ført fram til vår tid.
Det eldste kjente slåttespelet i Telemark går tilbake til Brynjulf Olson (ca 1710-ca1790) i Tinn på første delen av 1700-talet. Frå han går rett line av spelemenn fram til Knut Dale og sønesønene Johannes og Gunnar Dale. Sentralt i denne tradisjonen står Knut Lurås (1782-1843), som er den første av dei store reisande spelemennene i Telemark. Han samla spel mellom andre frå Løyntnantsdrengane i Numedal og frå Nils Rekve (1777-1846) på Voss. Lurås-spelet gjekk via Håvard Gibøen (1809-73) til Knut Dale.
Leiv Sandsdalen (1825-96) - den fremste spelemannen i Seljord på siste del av 1800-talet. På bildet er han fotografert med Erik Helland-fela “Kjempa” laga i 1864. Sandsdalen hadde ein vesentleg del av spelet sitt frå faren Øystein Langedrag (1786-1848) og var særleg kjent for framføringa si av lydarslåtten “Kivlemøyane”.
Kjos-Langedrag-Sandsdalen tradisjonen
I Vest-Telemark går speltradisjonen tilbake til Tov Kristianson (f. ca1750) og Gunnar Grjotnes (1754-1804) i Kviteseid og Jon Kjos (1754-1826) i Åmotsdal. Jon Kjos var stendarspelemann i Vest-Telemark og hadde monopol på gjestebodspel i distriktet. Sentralt i vidareføringa av dette spelet står Olav Soterud (1782-1828), Øystein Langedrag og sonen hans Leiv Sandsdalen. Sandsdalspelet ber også tydelege merke av påvernaden frå Myllarguten.
Myllarguten - Torgeir Augundson (1799-1872) - den mest sentrale spelemannen i Norge på 1800-talet, på bildet fotografert på sine eldre dagar Myllar-tradisjonen. Fremste spelemannen i Telemark på 1800-talet er utan tvil Torgeir Augundson eller Myllarguten som var kunstnarnamnet hans. Han samla det meste av det eldre spelet i Telemark og sameina dette med numedalspel og vestlandspel. Myllarguten starta den prosessen som førte til utvikling av store slåtteformer bygd frå eldre mindre slåttar. Spelemennene på Flatland i Bø og ymse spelemenn i Vest-Telemark førte Myllargutens spel fram til nåtida. Gjennom møtet med Ole Bull i Bergen og konsertene saman med han i Bergen og Kristiania rundt 1850, la Myllarguten grunnen til konsertspelet på slutten av 1800-talet og den kunstnariske utviklinga av hardingfelespelet i det heile.
Halvor Hansen Flatland (1853-1929) hadde en stor del av æra for at mange av dei store slåttane etter Myllarguten har overlevd fram til vår tid Flatlandspelet. Den viktigaste vidareføringa av spelet etter Myllarguten skjedde gjennom Flatlandspelemennene i Bø. Hans Flatland d.e. (1812-73) var personleg ven av Myllarguten, og sønene til Hans - Olav (1843-1911), Vesle-Hans (1846-1913) og Halvor - forma ut Myllarspelet til bøheringspel. Særleg gjaldt dette Vesle-Hans Flatland som var meisterspelemann og var hos Myllarguten fleire somrar rundt 1870. Halvor Flatland utforma dette spelet til ein eigen tradisjon, som blei overlevert til Halvor Jørgensen Li (1858-1907), Torkjell Haugerud (1876-1954) i Bø, Olav Evju i Nesherad og fleire.



